Vis skjermleservennlig versjon

Eit godt år for Bjørnafjorden

tekst av Knut Langeland

Bergen og Omland Friluftsråd legg vekt på å distribuera både pengar og innsats på ein rettvis måte. Over år fordeler tiltaka seg jamt mellom kommunane, men år om anna kjem ein kommune heldigare ut enn andre. I 2025 var det Bjørnafjorden som fekk nyta godt av høg BOF-aktivitet.  – Det kan vera mange grunnar til at ein kommune plutseleg får høve til å realisera fleire prosjekt på éin gong. Det kan vera at ting løyser seg finansielt, eller det kan vera tilgang til grunnen som plutseleg blir klarert, seier nestleiaren i BOF, Frithjof Fosse. Det var ein kombinasjon av ulike faktorar som fall heldig ut i Bjørnafjorden sitt tilfelle. Ikkje mindre enn tre friluftsområde rakk kommunen å få fortgang på arbeidet med i løpet av 2025. Vi tek dei etter tur:

Tellevika

På hi sida av Lakshammaren, beint sør for Mobergsvika, ligg Tellevika. “Ei skjult perle”, ifølgje Tom Leonsen, rådgjevar for idrett og friluftsliv i Bjørnafjorden. I 2015 vart eigedomen overteken av dåverande Os kommune. – Vi såg straks at dette var eit område vi måtte syta for å utvikla, seier Leonsen. I samband med Friluftlivets år løyvde kommunen ein million kroner til prosjektet. Samstundes kom BOF med midlar og mannskap. Backer bolig, som hadde kjøpt tomta bak, bidrog med ein halv million, og då området vart statleg sikra, kom det pengar også frå Miljødirektoratet. Totalsummen som kom ut av dette spleiselaget, endte på rundt tre millionar kroner. I svært mange tilfelle, også dette, er det ein bukett av ulike finansieringskjelder som står bak og mogleggjer realiseringa av eit prosjekt. – Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom BOF, kultureininga og prosjektavdelinga i kommunen. Tellevika er eit godt døme på kva ein kan få til når ulik spisskompetanse og fleire finansieringskjelder kan kombinerast, seier Tom Leonsen.

To tusen i nabolaget

For Tellevika sin del har alle bidraga resultert i ei oppgradering som gjer plassen til eit framifrå alternativ til det som i alle år har vore osingane sin best besøkte badeplass, Mobergsvika. Men også den idylliske og langgrunne Tellevika har i mange år vore hyppig nytta av dei innfødde, som no er supplert av ein talrik liten bataljon med tilflyttarar. Omfattande bustadutbygging i nærområdet har gjort Tellevika til ein badeplass innanfor komfortabel gangavstand for rundt to tusen menneske i dag, ifølgje Tom Leonsen sine berekningar.

Større bakland

Når dei til våren tek turen ned i Tellevika, kjem dei til eit friluftsområde som har fått eit mykje større bakland, altså areal til soling, leik og ulik aktivitet. Ein stor grindverksbygd gapahuk med tilhøyrande grillplass er under oppføring, ein baderampe for funksjonshemma skal vera klar til badesesongen. Det same gjeld handikaptoalettet og rehabiliteringa av eksisterande kai for småbåtar. Generelt gjeld det at alt er tilrettelagd med universell tilkomst, også til kaien. Det høver godt for brukarane av Kuhnletunet, eit dagsenter og butilbod for personar med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne, som li gg like i nærleiken. Også for barnehagar er Tellevika godt tilrettelagd. Naustet som følgde med eigedomen, skal også pussast opp. Kva det skal innehalda, er inntil vidare uavklart. Somme drøymer om både oselvar og SUP-brett, men fjorden som har gitt namn til kommunen, er verhard, så kommunen, i samråd med BOF, er nøydde til å gjera tryggleiksmessige avvegingar når det kjem til kva utstyr som kan gjerast alminneleg tilgjengeleg. Tellevika, med den lune vågen, er ikkje berre ein badeplass. Mange nyttar området til fisking, og i det tilliggjande skogsområdet er det også eit fint stisystem som mange gler seg over. Det skal dei få halda fram med. Vegetasjonen i området vil bli bevart.

Steinavika (Steinavikjo lokalt)

Inst inne i Bjørnafjorden, der vestavinden treff fastlandet, ligg Baldersheim og Steinavika. Her har bygdalaget i årevis arbeidd for at kommunen måtte kjøpa eit areal på vestsida av barneskulen, ut mot fjorden. Baldersheim bygdalag har no fått ønskjet sitt oppfylt. Arealet, som ikkje var brukande til stort før oppkjøpet, har no fått gangveg inn og er omgjort til eit flott lokalt rekreasjonsområde, til glede for heile bygda.  Avtale med grunneigaren til nabotomta gjorde det mogleg å setja i gang med arbeidet. I tillegg til den eine kommunale millionen, stilte BOF med pengar til toalett, gapahuk og utsynspunkt med bord og benkar. Bygdalaget har stilt med eigne pengar og dessutan med dugnadskrefter. Spelemidlar har også vore ein del av finansieringa, og til sommaren ventar kommunen svar på ein søknad til Miljødirektoratet om midlar i samband med statleg sikring av området. Frå før fanst det ein kommunal molo, ei privat båthamn og ei lita badefjøre i området.   – Heile prosjektet var ferdigstilt i desember, og det er ingen tvil om at bygdalaget sitt engasjement har vore avgjerande for at det let seg realisera, seier Tom Leonsen. Prosjektavdelinga i kommunen har også hatt ansvar for gjennomføring av dette prosjektet.

Framnes

Framnes, også kalla Blyttaneset, ligg tett inntil E39 like sør for Søfteland. Framnes utgjer eit lite areal, men er i realiteten ein del av eit kjempestort friluftsområde, Raudlio og Stokkedalen, som dåverande Os kommune kjøpte av Statskog i 2014. Raudlio og Stokkedalen er ikkje villmark i den strenge tydinga av omgrepet, men visste du ikkje betre, kunne du fort blitt overtydd at dette måtte då vera eit lite stykke Canada. Raudlio og Stokkedalen dekkjer eit stort areal på austsida av Gåssandvatnet og nordover mot Insta Raudlivatnet. Store deler av Osvassdraget renn gjennom friluftsområdet og bidreg berre til å forsterka kjensla av villmark. Framnes tener som eit framifrå utgangspunkt for turar inn i dette spennande området, og den lokale jeger og fiskarforeininga har båt liggjande her for å letta tilkomsten til jakt i Stokkedalen. Friluftsrådet, i samarbeid med Frilager, har også gjort kanoar og kajakkar tilgjengelege på Framnes, vel vitande om Osvassdraget sine framifrå kvalitetar for ro- og padleaktivitetar. Det er sett opp informasjonsskilt, og rutene ut frå Framnes inngår no i prosjektet “Ro- og padleruter i Vestland”. Ei flytebryggje lettar utsetjinga av kajakk og kano. 

Yrkesskuleelevar i praktisk arbeid

I løpet av 2025 er Framnes blitt betydeleg oppgradert, først og fremst i regi av BOF, men med Bjørnafjorden kommune som viktig medspelar. Naustet har fått nytt betonggolv og ny kledning, og på utsida er det støypt ei ny brygge. Dette arbeidet er det elevar ved yrkesskulen som har utført, på førespurnad frå BOF. – Flott at elevane på den måten får kunnskap også om rehabilitering av bygg, ikkje berre om nybygg, seier Tom Leonsen. Han kan fortelja at det i si tid gjekk eit kort lite sidespor frå Osbana (1894-1935) og ned til vasskanten nett her på Framnes. Dette for å henta opp tømmer frå Osvassdraget for å avhjelpa mangelen på trevirke under første verdskrigen.  Framnes er såleis definert som eit kulturmiljø. Alle tiltaka som er gjort, har måtta vera i samsvar med regional mynde. Opprustinga av Framnes er i hovudsak finansiert gjennom BOF. Verdien av arbeidet og investeringane som er gjort, tilsvarer om lag to millionar kroner. Området slik det framstår i dag, vil vera til stor glede for nabolaget. – Her har eit betydeleg tal potensielle brukarar på Søfteland, i Gåsakilen og Hjellemarka fått eit spennande nærfriluftsområde, påpeikar Tom Leonsen. Framnes grensar til garden Bergstø, ein kommunal eigedom som idrettslaget planlegg nye klubblokale og fotballbane på. Framnes ligg berre ti til femten minuttars spasertur frå skule og barnehagar.

Kursplass

Frithjof Fosse i BOF ser dessutan for seg Framnes som ein flott plass for komande friluftslivskurs. Allereie er plassen blitt nytta til det. Vinteren 2025/2026 var rundt 20 lærarar samla til kurs i naustet og det tilliggjande nærområdet. – Erfaringa er at Framnes er godt eigna som kursplass. Det er ein beskytta, sikker plass for aktivitet, med grillplass, bord og benkar. Og i tilfelle dårleg ver har ein også ein plass å trekkja inn under tak, seier Fosse.

OPPRETTET AV
Frithjof Fosse, Bergen og Omland Friluftsråd