Vis skjermleservennlig versjon

Tom Georg Indrevik skritta mest av ordførarane

Tekst av Knut Langeland

Han kan ikkje mistenkjast for å villa framstå som atlet, men det gøymer seg mykje energi og konkurrensekraft i Tom Georg Indrevik. Såleis kan det knapt sjåast på som overraskande at det var nettopp Øygarden-ordføraren som gjekk sigrande ut av skritt-konkurransen som Bergen og Omland Friluftsråd tillyste for 2025, Friluftslivets år.

– Eg deltek på mykje, anten eg har føresetnader for det eller ikkje.  Heilt ukjend med sigersintervju er eg heller ikkje. Men då har det no helst handla om valsigrar, klukkar Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden sidan kommunen vart etablert 1. januar i 2020. – Denne typen konkurransar er kanskje ikkje det eg er mest van med å vinna.

Ordfører Tom Georg Indrevik og friluftskonsulent Jannecke Eeg Olsen i BOF.

Likar utfordringar

Indrevik har invitert til sigersintervju på ordførarkontoret. Det er god plass rundt bordet, og møblementet utstrålar både autoritet og høgtid. Om han hadde villa, kunne han gjort seg sjølv svært pompøs. Men ordføraren sjølv er helst uformell i stilen, slipslaus, men likevel godt innanfor det som ventast må av ein ordførar. 56-åringen seier aldri nei takk til ei skikkeleg utfordring. Han viser fram eit ferskt bilete på mobiltelefonen. Det viser han og den tidlegare Sund-ordføraren Karianne Landro, no leiar i Vest næringsråd, med nevane djupt inne i kvar sine røyr. Der inne fanst det ti skruar og ti muttrar. Oppgåva var å finna og skru desse i hop, inne i røyret, på kortast mogleg tid. Konkurranseinstinktet slo straks inn. Indrevik vann den uhøgtidelege kappestriden. – Eg er eit konkurransedrive menneske, og, ja, eg likar å vinna, slår Indrevik fast.

15.000 skritt om dagen

Det var difor aldri nokon tvil om at han skulle delta då invitasjonen frå BOF kom i posten. Inkludert i invitasjonen var det også ei pulsklokke, som deltakarane skulle ta på seg for slik å registrera og lagra resultata. Her kunne dei også følgja med på korleis dei låg an samanlikna med dei andre deltakarane. I ordførarkonkurransen skilde Tom Georg Indrevik seg fort ut. Samla sett registrerte han 5.696.102 skritt, fem millionar sekshundreognittisekstusen eitthundreogto skritt. Eit ganske formidabelt tal. Økonomen Indrevik reknar fort ut at det tilsvarer om lag 15.000 skritt for dagen. Eit snitt som han trygt kan ta med til fastlegen og hausta respekt for. Den næraste utfordraren, Lars Fjeldstad frå Osterøy, hamna rundt ein million skritt bak.

Førsteplassen blant styremedlemmer gjekk til Katrine Dale fra Bergen kommune.

Sprekare i dag enn for ti år sidan

Tom Georg Indrevik fann mykje god inspirasjon i å delta i konkurransen. Han meiner at den nok har bidrege til ein ekstra kveldstur eller to. I løpet av året var han ofte inne på appen for å sjekka korleis det stod til, og særleg den siste månaden har han “vore innom” nesten dagleg for å følgja med. – Eg er uviss på om familien var like begeistra for dette fokuset, smiler Indrevik. Men det var slett ikkje slik at konkurransen utløyste berre eit kort og intensivt skippertak frå Øygarden-ordføraren si side. Han trenar faktisk ein heil del, spring ein halvmaraton eller to i året og greier stort sett å halda seg innanfor målet om å bruka mindre enn to timar på dei drygt 21 kilometrane. Økonomen, med tilleggsutdanning i leiararbeid, har også teke utdanning som spinninginstruktør. Han praktiserer kompetansen på eit treningsinstitutt i nabolaget.

Totalt for 2025 vart den store vinnaren Karl Birger (Biggen) Nesthus, fagarbeidar i BOF, her saman med dagleg leiar i BOF Dag Seter.

Fint fellesskap i å trena saman

– Eg tok opp att springinga då eg var hotelldirektør i Eidfjord på tidleg 2000-tal, men eg er mykje meir aktiv i dag enn eg var for ti år sidan. Eg har ein jobb med mykje stillesitjing, og då må eg syta for å få brukt kroppen på eit eller anna vis. Det kan vera mykje ulikt, vedhogst, til dømes, eller ein rotur med båten. Eg er oppteken av kvardagsaktiviteten, at vi finn dei romma som er der, seier Tom Georg Indrevik, som synest det er kjekt at også kona er med på mange av øktene. – Å ha nokon å trena saman med, er ganske viktig. Det ligg eit fint fellesskap i det, seier Tom Georg Indrevik. Det var i slutten av november i 2024 at invitasjonen gjekk ut. “Aktivitetsprosjekt” var den litt upretensiøse merkelappen BOF sette på tiltaket. Men målet blei klart og tydeleg formidla: “Stimulere til økt aktivitet for deg og din omgangskrets”. I BOF var det friluftskonsulent Jannecke Eeg Olsen som administrerte prosjektet, som også omfatta styremedlemmer og tilsette i Frilager og Bof. Til saman 27 personar deltok i eit utval av konkurransar. Sju av dei var ordførarar, inkludert kulturrådgjevar Silje Bakke, som var “stand-in” for Tysnes-ordførar Synnøve Bakke. Totalt for 2025 vart den store vinnaren Karl Birger (Biggen) Nesthus, fagarbeidar i BOF. Han klokka inn på imponerande 7.177.999 skritt. Førsteplassen blant styremedlemmer gjekk til Katrine Dale (representant fra Bergen kommune), med i overkant av tre millionar skritt.  – Nesten kvar månad har vi kåra ein vinnar. Konkurransene har vore varierte, slik at alle skulle få ein sjanse til å vinne. Her er eit  oversyn: Januar - flest skritt - Lars Torgilstveit, BOF Februar - størst auke i talet på skritt skritt frå januar - Geir Knudsen, fagarbeidar BOF Mars - beste turbilete - Lisbet Dyrkolbotn, prosjektleiar BOF April - lengste turen - Lars Fjeldstad, ordførar på Osterøy Mai - ”breakout session”: beste ordfører, beste styremedlem, beste BOF’er - Tom Georg Indrevik, ordfører i Øygarden, Nils Kåre Skoge, styreleiar BOF, Bjørn Nilsen, driftsleiar BOF Juni - kven kom nærast snittet på talet på skritt? – Linda Thunes, fagarbeidar BOF August - kven tek tiandeplassen? – Frithjof Fosse, nestleiar BOF September – lykkehjul – Yngve Fosse, ordførar Askøy Oktober – flotteste haustbilete – Tom Georg Indrevik, ordførar Øygarden November – mest aktive helg – Lars Torgilstveit, driftsplanleggjar BOF Desember – størst auke i aktivitet frå november – Katrine Dahle, styremedlem BOF.

OPPRETTET AV
Frithjof Fosse, Bergen og Omland Friluftsråd