Vi treng ferievikarar innan
- Rus og psykiske helsetenester
- Legetenesta
- Bufellesskap for funksjonshemma; Røldal, Odda og Kinsarvik
- Mjøstølen avlastningsbustad i Odda
- Heimetenester i heile kommunen
- Brukarstyrte personlege assistentar: Odda, Tyssedal og Kinsarvik
- Kjøkken og kafédrift på Bokkotunet
- Kokk/kokkemedarbeidarar på Utneheimen, Vikevollen (Jondal) og Bråvolltunet (Kinsarvik)
Vi treng og ferivikarar ved institusjonane:
- Bokko bu- og behandling (Odda)
- Eide Helsetun (Odda)
- Utneheimen (Utne)
- Vikevollen (Jondal)
- Bråvolltunet (Kinsarvik)
Kven ser vi etter?
- Sjukepleiarar og -studentar
- Vernepleiarar og -studentar
- Legestudentar (med og utan studentlisens)
- Psykologistudentar
- Helsefagarbeidarar
- Personlege assistentar
- Heimehjelparar
- Assistentar og ufaglærte med interesse for helse- og omsorgsarbeid
- Kokk og personar med erfaring frå kjøkkenarbeid
Krav og kvalifikasjonar
- Søkjarar til legetenesta må ha norsk bankID eller ha buypaskort
- Søkjarar må vere 16 år eller eldre. (Er du under 16 år? Det kjem ei eiga utlysing for unge arbeidstakarar)
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Utanlandske søkjarar må ha EU/ EØS-pass for å få søkje skatteetaten om d-nummer.
- Vi ser etter positive og pålitelege personar som trivst med å jobbe med menneske.
Om søknad
- Hugs å velje kva arbeidsplass du ynskjer å jobbe på når du fyller ut søknaden. Dette vil vere utgangspunkt for kvar du får tilbod om jobb.
- Hovudferien er i veke 25–33. Hugs å skrive i søknaden kva periode du kan jobbe. Det er anledning til å starte arbeid frå veke 23 og ut veke 35.
Fortløpande tilsetjing!
Vi tilbyr
- Sommarvikaravtale med konkurransedyktige vilkår.
- Eigen lokal lønnsstige for høgskulestudentar med relevant helsefagleg utdanning.
- Ordinær løn for personar mellom 16–18 år i samsvar med Hovudtariffavtalen.
- Kvelds-, natt- og helgetillegg der du jobber skiftarbeid
- Tillegg for arbeid i veke 32 og 33: kr 125,- per time.
- Mogelegheit for langvakter (12,5–24 timar) ved enkelte verksemder.
- Dekking av bustad- og reisekostnader for sommarvikarar utan tilknytning til kommunen ved arbeid minimum 5 veker.
Og kva kan du så gjera på fritida di?
Kva med ein tur til Sommarskisenteret på Fonna? Frå Jondal kan du reisa opp til eit av dei fremste sommarskisentra i Europa, lokalisert 1200 moh på isbreen vår Folgefonna.
Bilete:
Varde - Øystein Bjørkelund, Ullensvang fotoklubb | Fiskar ved fjorden og Kvinne på Samlen - Bjarne Kvalvåg Bu, Ullensvang fotoklubb | Via ferrata - Linn Bjørkelund, Ullensvang fotoklubb | Skarv Studio | Visit Hardangerfjord (bilete Siderbåten og film) | Litteratursymposiet | Sunniva Haustveit | Solveig Borge | Helene O. Lillebø | Sigrid D. Dagestad