Lyst å jobbe ved Eide Helsetun? 5 x Ledige stillingar som sjukepleiar

- nybygd, moderne og fremtidsretta sjukeheim

Eide sjukeheim ligg nydeleg til i Hardanger, omgitt av dei frodige naturomgivelsane som kjenneteiknar Ullensvang kommune. Som ny sjukeheim i regionen set vi standaren for demensomsorg og fagleg kvalitet. Vår heilskaplege tilnærming sikrar ikkje berre medisinsk oppfølging, men og omsorg og velvære for våre bebuarar.

Våre dedikerte tilsette består av lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, samt fleire yrkesgrupper. Dei er engasjerte, fagleg dyktige og tilbyr god tenester til bebuarane. Vi verdset ein personorientert tilnæring der kvar enkelt bebuar blir sett og vareteke ut frå sine behova. Hos oss er helse og omsorg sentrale omgrep i arbeidet med å skapte eit miljø for trivsel, tryggleik og varetaking av den enkelte bebuar, deira pårørande og dei mange tilsette.

Flotte nye lyse lokale på sjukeheimen.

5 x 100% fast stilling som sjukepleiar

Me søker engasjerte sjukepleiarar som skal bidra til kvalitet, omsorg og utvikling i våre avdelingar, med spesiell vekt på demensomsorg. Som sjukepleiar får du engasjera deg, delta i utviklinga av nye avdelingar, og anledning for personleg vekst.

Dette er ein sjansen til å utvikla karrieren din som sjukepleiar i eit unikt miljø. Her kan du vera med å skapa god livskvalitet for våre bebuarar.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk sjukepleiararbeid som skal utøvast i tråd med gjeldande lover og forskrifter
  • Sjukepleiar ansvar for Eide helsetun
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeida tett med anna helsepersonell og delegera oppgåver ut frå kompetanse
  • Turnus

Personlege eigenskapar

  • Må like å jobbe med eldre mennesker og ha interesse for fagfeltet
  • Ha gode samarbeidsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø, gjennom positive holdningar
  • Ansvarsbevisst
  • Ha evne og vilje til fleksibilitet
  • Sjå mogelegheiter og løysingar, nytenkande og kreativ

Me tilbyr

- utanom eit godt arbeidsmiljø og fagleg dyktige kollegaer:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Løn etter hovudtariffavtalen
  • Sjukepleiarar som går i turnus, får eit tillegg på gjeldande årsløn kr. 25 000,- for dei som arbeider dag, kveld og natt. Ein har og gode vilkår for både nyutdanna sjukepleiar, og godtgjerlse ved bindingstid.
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Og kva kan du så gjera på fritida di?

Fjord, fjell, fonn og frukt! Trolltunga, Dronningstien, Hardangerfjorden, Folgefonna- og Hardangervidda nasjonalpark er trekkplastra våre frå naturen si side - vi er Friluftshovudstaden. Klatretur i Via Ferrata løypa i Tyssedal, sidersafari på Sørfjorden, avslappande fisketur på eit svaberg ved fjorden eller brevandring på Folgefonna - her er moglegheitene mange når du har naturen som næraste nabo!

Kva med ein tur til Trolltunga? Eit ikon! Den mest spektakulære fjellformasjonen i Norge. Ja ein lang tur - men du får løn for strevet. Der oppe ventar eit praktfullt utsyn!

Eller - om du ikkje er fjellgeit og har andre interesser....

Ullensvang er ein rik og mangfoldig kulturkommune. Me har ein sterk kulturell identitet og festivalar innan alle sjangrar! Kva som skjer i kommunen finn du på Kva skjer kultur?
HAR VI FREISTA DEG NO? SØK "SPORENSTRAKS" - VI GLER OSS TIL Å FÅ DEG SOM KOLLEGA!

Bilete:

Via Ferrata - Linn Bjørkelund, Ullensvang fotoklubb | Fiskar ved fjorden - Bjarne Kvalvåg Bu, Ullensvang fotoklubb | Visit Hardangerfjord (bilete Siderbåten og film) | Litteratursymposiet | Helene O. Lillebø | Roald Tveit Nissestad | Sigrid D. Dagestad