– Veit du, sa Berit Gehrke, seksjonsleiar i Universitetshagane. – Veit du at Stiftinga (Det norske arboret, red. anm.) har eit gammalt naust nede ved sjøen? Helene Ødven var på dette tidspunktet (våren 2024) nytilsett direktør ved Stiftinga. Ho kom frå jobben som dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag. – Nei, er det sant? svarte Ødven. Straks etterpå tok dei to den korte turen frå administrasjonsbygget, forbi blømande rhododendron, gjennom Rosehagen og ned til naustet i Naustdalen. Der låg det, med patina og gamle byggs naturleg ibuande autoritet, og skein om kapp med Fanafjorden. Der og då føddest ideen om å gjera Naustdalen i Arboretet til eit lite og triveleg friluftsområde.
Idé til handling
Vegen frå idé til handling var kort. Dag Seter, dagleg leiar i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), sit også i styret i Arboretet, der han representerer fagrådet. Han var entusiastisk til forslaget, og sidan har det gått slag i slag. Området er blitt rydda, eine veggen har fått ny kledning, sitjeplassar på den tilliggjande grassletta er etablert, flotte benkar produsert på Askøy er sett ut, inne har naustet fått nytt golv og langsgåande benkar, utanfor er grill og grue til bruk for publikum kome på plass. Alt har skjedd i eit framifrå samarbeid mellom BOF, Arboretets Venner og Universitetshagane. Inkludert i BOFs arbeidslag var også organisasjonen Way Back (ei ideell stifting som arbeider for innsettes tilbakeføring til samfunnet). Resultatet er imponerande. 13. september i 2025, knapt halvanna år etter at ideen klektes, fann den offisielle opninga stad. Bjørn-Frode Schjelderup frå Bergen kommune heldt opningstalen.
Gratis å bruka
– Det har vore ei kjempeflott oppleving frå byrjing til slutt. Å samarbeida med Dag Seter, driftsleiar Bjørn Nilsen, fagarbeidar Tim Igelkjøn og alle dei andre i BOF, har vore ei utsøkt glede, seier Helene Ødven. Ho tek seg litt inn att, for det er ikkje sant at alt arbeidet no er gjort. Jannecke Olsen, friluftskonsulent i BOF, har søkt om, og fått ja til, løyvingar som skal bidra til å fylla naustet med redningsvestar, håvar, vasskikertar, bøtter og anna utstyr som er relevant for leiken i fjøra. Alt skal vera gratis å bruka, men tilgang til naustet må bestillast via nettsida til BOF. – No håpar vi at skuleklassar, barnehagar og andre vil bruka naustet og det flotte landskapsrommet med store tre, svaberg og strender til leik, kos og undervisning, seier Helene Ødven.
Flott frå sjøsida
Ho minner om at Naustdalen også er lett tilgjengeleg frå sjøsida. Like ved, i BUA Hjellestad, kan ein låna kajakkar. I Mildevågen er det lett å setja kajakken ut, og her er det også skilta forslag til fine ro- og padleruter. – Naustdalen høver fint for nybyrjarar. Plassen ligg godt i le, særleg for nordvesten, påpeikar Ødven.
Naustdalen, slik plassen presenterer seg no, er resultatet av eit samarbeid mellom Universitetshagane, Arboretets venner, BOF og Stiftinga Det norske arboret. Men den lune vika inntil Fanafjorden har lang historikk som badeplass og mykje nytta friluftsområde. I etterkant av opninga i september kunne ei eldre dame fortelja at Naustdalen var det mest nytta området til bading av dei innfødde. – Då byfolket oppdaga området, var vi vel fornøgde med at dei føretrekte Grønneviken. Så fekk vi ha Naustdalen i fred, sa dama.
Varmast i Arboretet
Helene Ødven trur at det nyopna friluftsområdet også kan gjera Naustdalen og tilliggjande område av Arboretet endå meir attraktive enn dei er i dag. Ho tenkjer ikkje berre på den vakre Rosehagen, Noregs største i sitt slag, men også på Hatlehaugen som byr på ei uvanleg stor samling av varmekjære tre. – Det er den varmaste plassen i Arboretet, reklamerer Ødven.