VIL DU BLI EIN AV OSS? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre

Ledig stilling i Surnadal

Vi søkjer sokneprest i Indre Nordmøre prosti

Med sokna i Surnadal som særskilt tenestestad.

Sjå under for meir omtale av arbeidet vårt og sokna våre

Surnadal kommune ligg på Nordmøre og har ca. 6000 innbyggjarar. Kommunen er godt kjent for sitt rike kulturliv og fine turområde. Surnadal har også eit variert og rikt næringsliv, med fleire hjørnesteinsbedrifter.

I Surnadal har vi 6 kyrkjer og 7 kyrkjegardar fordelt på 5 sokn. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, i Kyrkjelydshuset, som er eit fleirbrukshus og sentrum for fleire av aktivitetane våre.

LITT OM DEI 5 SOKNA VÅRE

Stangvik

Kyrkja i Stangvik har vore soknekyrkje for hovudsoknet Stangvik i mange hundre år. Ho er den største trekyrkja på Nordmøre og ligg vakkert til berre eit steinkast frå fjorden. I tidlegare tider har ho kalla sjøvegsfarande folk til bønn og altergang. No kallar ho på folk til dei store stemnemøta. Stangvik-kyrkja har mykje godt å by på, både plass, lyd, akustikk og benker. Kyrkja blir ofte brukt til større konsertar, og mange brudepar vel å legge seremonien hit.

Folketalet i Stangviksoknet er minkande, med unntak av grenda Nordvik, der folketalet aukar. På Nordvik har nye tradisjonar blitt skapt med julegudstenester og sommargudstenester, kanskje aller helst utandørs.

Todalen

Kyrkja i Todalen er viktig for folket i bygda. Frammøtet til gudstenestene har auka markant dei siste åra, og todalingane søkjer seg til kyrkja ved dåp, vigsler og gravferder.

Todalingane har i lang tid vore kjent for sin gode salmesong, sin rike folketoneskatt, og sin sterke kortradisjon. Det er viktig for både tilsette og kyrkjelyd at songtradisjonane blir haldne i hevd og vidareført.

Åsskard

Folk i bygdene rundt Åsskard kyrkje er flinke til å bruke og støtte opp rundt kyrkja, inkludert familiar, barn og unge. Dei har sidan 1960-talet hatt ei kyrkjestue som fungerer svært bra til sosiale samkomer og til undervisning.

Åsskard inviterer til kyrkjekaffe og sosialt fellesskap etter kvar gudsteneste, og det blir hyppig arrangert konsertar der. I Åsskard finn ein også barneklubben «Amigos». Eit unikt tilbod til barn og unge, drive av engasjerte frivillige. Klubben er eit tydeleg eksempel på korleis fleirtalet påverkar: når dei fleste barna er med, fører det snart til at alle barna er med!

Mo

Mokyrkja – ei av dei svært få Y-kyrkjene som enno finst i landet – har nådd ein moden alder, og er snart 300 år, men kyrkja eldest med stil. Dei siste åra har kyrkja i Øvre Surnadal fått ei tydeleg ansiktsløfting, og talet på medlemmer i Mo-soknet er stabilt. Fleire småbarnsfamiliar har også slått seg ned i området dei siste åra.

Deltakinga på gudstenestene i Mo held seg stabilt.

Det blir drive søndagsskole i soknet. Søndagsskolen har i seinare år hatt stor oppslutning blant dei aller minste.

Øye og Ranes

Øye og Ranes er det største soknet i kommunen med sine 3265 medlemmer (2022). Øye og Ranes kyrkjer er å rekne som to sjølvstendige soknekyrkjer, men dei to sokna vart samanslått for ein del år sidan. Framleis har Øye prioritet som hovudkyrkje, sjølv om dei fleste medlemmene høyrer til Ranes. Øye kyrkje, som ligg tett inntil kommunesenter og skolesenter, har vorte eit naturleg møtepunkt i det gode samarbeidet mellom kyrkje, skole og barnehage. Likevel ser vi no at folk i soknet vel kyrkje for dåp og konfirmasjon ut ifrå praktiske omsyn uavhengig av tidlegare soknegrenser.

Øye kyrkje

Fordi nedre deler av Surnadal har blitt eit pressområde, er det også her den etniske variasjonen i befolkninga er størst. Her finst katolske og ortodokse trusfellar, som samlast regelmessig til gudsteneste.

Soknet har hatt fleire bedehus, men i dag er det berre Eidet som har status som dette. På Eidet bedehus finn misjonsforeiningane saman. Men «misjonsfolk» er i stor grad frivillige i kyrkja, difor er spørsmål om bedehuset eller kyrkjelydshuset som møteplass først og fremst styrt av praktiske omsyn. Frivillige driv «søndagsskoletilbod» for barna i soknet i kyrkjelydshuset annakvar laurdag.

Ranes kyrkje

Livet i kyrkjelydane

DIAKONI

Frivillige medarbeidarar

Kyrkja i Surnadal har mange trufaste og frivillige medarbeidarar, og dei gjer ein stor innsats. Sjølv om dei siste åra har vore krevjande med svært avgrensa aktivitet, har ikkje dette redusert innsatsviljen nemneverdig. Det frivillige arbeidet spenner over eit mangfald av aktivitetar, dugnadsarbeid knytt til kyrkjene både innvendig og utvendig, besøk til personar som bur åleine, helsing på runde dagar, loddsal på basarar, levering av brukte klede til flyktningar, servering og vertskap på samlingar, for å nemne noko.

Ettermiddagstreff på Surnadal sjukeheim

Ettermiddagstreff på sjukeheimen er eit av dei faste diakonale møtepunkta. Treffet er normalt kvar 14.-dag. Prestane og organistane går i turnus og byter på å ha samlingane. Treffet har fastlagte mønster med allsong og andakt som faste innslag. Dialogen mellom kyrkja og sjukeheimen blir ført på ein god måte, og i seinare år opplever vi at leiinga på sjukeheimen er innstilte på å finne gode løysingar for gjennomføring av desse treffa.

Etter leggetid

Dette arrangementet har ei bestemt målgruppe: mødrer med barn i tidleg fase av livet. Samlingane legg vekt på det uformelle samværet, med samtalen som hovudinnhald. Arrangementet har vore gjennomført regelmessig i tre år.

Felles middag

Frå hausten 2021 har det vore arrangert «Felles middag» på kyrkjelydshuset ein dag i månaden. Dette er eit lågterskeltilbod retta mot alle, noko som også viser seg i stort og variert oppmøte av små og store i alle aldrar. Tilbodet har også vist seg å vere eit godt integreringstiltak. Grunntanken er å skape fellesskap på tvers av generasjonar og etnisitet.

Fleirkulturelt arbeid

Dette arbeidet har ein ambisjon om å skape ei oppleving av at kyrkja er ein stad der du finn fellesskap, og ein plass å høyre til. I 2013 etablerte diakonane fleirkulturell kvinnegruppe. På kyrkjelydshuset blir det arrangert «bibel og bønn» og «mat og prat». Dette har vist seg å vere ein arena for kulturutveksling og ikkje minst språkmeistring. Progresjonen i det norske språket hos innvandrarar blir spesielt godt lagt merke til, og er veldig positivt.

Songkveldar for brukarar av bu- og aktivitetstenesta

Kvart semester samlast brukarane av bu- og aktivitetstenesta til songkveldar i kyrkjelydshuset. Både brukarar og tilsette set stor pris på dette tilbodet. Også her er dei frivillige hjelparane ein suksessfaktor.

TRUSOPPLÆRING

Kyrkja i Surnadal er i ein privilegert situasjon. Dåpstala er høge, og trusopplæringsarbeidet i Surnadal har vore drive med god kontinuitet i mange år. Kyrkja med trusopplærar, prestar, ungdomsleiarar og frivillige medarbeidarar på laget har lagt til rette for eit mangfald av aktivitetar, inkludert dei såkalla breiddetiltaka, lysvaken, tårnagenthelg og kode B. Dessutan gudstenestebesøk med bokutdeling til 4-åringar og 6-åringar. Oppslutninga er god.

I mange år dreiv kyrkja også eit solid leirarbeid for barn og unge frå 1. til 10. trinn, dei siste åra har dette av naturlege årsaker lege nede. Kyrkja har også god kontakt med barnehagar og skolar, og både diakonane og trusopplærar besøker barnehagane før jul og påske.

Konfirmantarbeid

Det er god oppslutning om konfirmasjon i Surnadal. Tala har lege stabilt på omkring 90 %. Det er eit godt etablert samarbeid om konfirmantarbeidet mellom prestane og dei andre tilsette. Sokneråda bidreg også med viktig innsats inn i dette arbeidet, og jobbar systematisk med planverk. Det er også etablert fellesarrangement for konfirmantane i heile prostiet, eit konsept som det blir arbeidd med å utvikle vidare.

Det er tett samanheng mellom undervisning og gudstenesteliv i kyrkjelydane, ved at konfirmantane deltek aktivt i gudstenestene og står ansvarleg for ulike oppgåver knytt til desse. Konfirmantåret byd på ei rad høgdepunkt fordelt utover året: pilegrimsvandring, konfirmantweekend, «Hekta-leir», konsert, fotballturnering, filmkveldar, deltaking i diakonale arrangement og «reunion». Dette kjem i tillegg til dei faste treffpunkta i undervisning og gudsteneste.

KYRKJEMUSIKALSK ARBEID

Det kyrkjemusikalske arbeidet i kommunen femner breitt, med to kyrkjekor, Credo og P17, under leiing av organistane. Kora deltek ved ulike høve, f. eks. dei store høgtidsdagane, men har også ei sentral rolle i dei mange song- og salmekveldane som blir arrangert.

Det blir jamt halde konsertar og salme-/songkveldar i alle kyrkjene. Desse er for det aller meste basert på eigne krefter, delvis i samarbeid med andre, f.eks. lokale amatørar, tilreisande studentar og profesjonelle. Regelmessige er også julekonsertane og samlingar som kombinerer konsert- og gudsteneste-element. Ved fleire av kyrkjene fungerer mindre forsongargrupper ved vanlege gudstenester.

GUDSTENESTELIV

Også i Surnadal er det heilt tydeleg at gudstenestelivet er noko som lever og utfaldar seg lokalt, heilt ned til det enkelte soknet. Dette set visse grenser for samhandling, samtidig som ein må sjå det som eit gode at alle sokna ønskjer å oppretthalde aktiviteten i si kyrkje. Men det finst også fleire felles møtepunkt, blant anna fellesgudsteneste på pinsedag. Det er først og fremst ein rikdom at gudstenestelivet i kyrkjene våre har eit stort mangfald, og aktivitetsnivået sett under eitt er høgt.

Digitalisering

Frå og med desember 2020 har kyrkja i Surnadal sendt regelmessige digitale gudstenester, i tillegg i sanntid. Utan tvil eit ambisiøst prosjekt for ein stab og frivillige med avgrensa kompetanse på feltet, men tilbakemeldingane i seinare tid har vore gjennomgåande gode.

Frykta for at det digitale tilbodet skulle utarme det lokale gudstenestelivet, har vist seg å vere sterkt overdrive. Det synest snarare å vere slik at det har vekse fram ei parallell «digital» kyrkjelyd som sit heime føre skjerm og nettbrett. Om dei ikkje ser gudstenesta i sanntid, så har den kanskje blitt eit supplement til kveldslektyren på senga!

Vi vil gjerne bli din kollega

Seks av dei ansette i Surnadal om korleis det er å jobbe i kyrkja:

LENE WILHELMSEN

Sekretær

Kor lenge har du jobba i kyrkja?

Eg har jobba i kyrkja i 12 år. Dei siste to åra har eg vore konstituert kyrkjeverje. Før dette var eg sekretær.

Kva likar du best med jobben din?

Det er ein veldig allsidig jobb, med mange fagområde som flyt over i kvarandre. I min arbeidskvardag lærer eg stadig nye ting. Eg opplever også at kontoret er ein viktig møteplass, ikkje berre for oss som jobbar lokalt i kyrkja, men også for dei vi skal betjene. I ei tid der det personlege møtet har blitt ei mangelvare, gir det ein ekstra god følelse å halde fast i at dette framleis betyr noko. Vi tek imot og har tid til menneske i alle livsfasar.

Kva vil du seie til dei som vurderer å søkje?

For den som spør etter ein jobb med meining og utfordringar er kyrkja ein god plass og vere. Vi er mange dyktige medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse. Dette vil eg er seie er noko av vår styrke som stabsfellesskap, det hjelper oss i arbeidet mot å nå felles mål.

VIDAR WILHELMSEN RYGH

Prost

Kor lenge har du jobba i kyrkja?

Eg blei tilsett som sokneprest i Surnadal i 2011. Litt artig er det jo at det som i mitt hovud berre skulle vere ein glatt inngang til presteyrket og eit kortvarig opphald, ganske umiddelbart blei ein tanke eg måtte forkaste. Det er det mange og gode grunnar til. Ei viktig årsak er naturlegvis at eg har opplevd vedvarande glede og meining i arbeidet mitt, men òg at eg trivst utmerka her eg lever og bur. Sidan 2020 har eg vore fungerande prost, med fast tilsetting i april i fjor.

Kva likar du best med jobben din?

Kyrkja sitt oppdrag kan aldri bli trivielt, derfor er også arbeidet så meiningsfylt. Denne opplevinga av meining blir enda sterkare av at vi er fleire som deler den same visjonen og dreg i same retning. Eg vil seie at vi er eit svært godt kollegium, og sjølv om vi no står overfor eit generasjonsskifte, så har vi bygd ein kultur som vi tek med oss vidare. Det er også godt å kjenne på den sterke tilknytinga det er mellom bygdefolket og kyrkja. Dette er ikkje isolert til at kyrkja berre er ein viktig kultur- og tradisjonsberar, kyrkja er så mykje meir enn dette, noko vi tydeleg erfarer gjennom god oppslutning om mange av kvardagsaktivitetane våre

Så er det eit av privilegia for presten å vere ein av dei som representerer kyrkja sitt ansikt utetter, det er ein rolle eg trivst veldig godt med. Eg opplever personleg at kyrkja har mykje «goodwill!»

Kva vil du seie til dei som vurderer å søkje?

Som eg seier til dei som spør meg om kvifor eg valde presteyrket: ein viktigare og meir meiningsfull jobb kan vel knapt tenkjast. Det er verkeleg ei velsigning og ein rikdom å få vere med å bygge Guds kyrkjelyd, hjelpt fram av gode kollegaer i stab og sokneråd og mange engasjerte frivillige.

MARET HEGGSET

Soknerådsleiar

Kva er di rolle i den lokale kyrkja?

Eg har vore leiar av soknerådet i Øye og Ranes sidan førre valg, og tok gjenvalg i fjor haust. Som folkevalt er det mi oppgåve å tenkje strategisk omkring det lokale kyrkjelege arbeidet. Soknerådet er med på å påverke tilbodet til ulike aktivitetar i kyrkjelyden, ikkje berre sjølve gudstenesta, men også mange andre aktivitetar som foregår rundt kyrkja.

Kva likar du best med rolla di?

Det trur eg må vere dei flotte folka i både stab, sokne- og fellesråd, og ikkje minst kyrkjelyden. Det er utruleg mykje fint som foregår rundt kyrkja, og som eg ikkje var klar over før eg vart med i soknerådet. Det er givande og fint å vere ein del av dette.

Kva for moglegheiter ser du for kyrkja i Surnadal i tida framover?

Eg både håper og trur at kyrkja får ei enda større rolle i folks liv i den urolege tida vi lever i. Vi treng kyrkja i både glede og sorg.

ARNT ERIK OTNES

Kyrkjetenar

Kvifor søkte du jobb i kyrkja?

Eg søkte først å fremst for å få ein lettare fysisk jobb. Jobba som tømrar i litt over 20 år, så eg var på utkikk etter ein jobb som eg kan ha til eg blir 67 år.

Kva likar du best med jobben din?

Eg trivst best med samspelet i tenestene, at eg, prest, organist og gravferdsbyrå kan ha ei gravferd som går så knirkefritt at dei sørgande kan få ha nok med seg sjølv og si sorg. Elles likar eg vedlikehaldsarbeidet på kyrkje og kyrkjegard godt.

Kva vil du seie til dei som vurderer å søkje?

Til deg som søker vil eg seie at: viss du likar å få til noko saman som eit team til nokon som treng det, er dette plassen for deg. I jobben er det mykje alvor, men også mykje latter og moro. Kyrkjetenar Otnes ser fram til å få fleire å jobbe saman med.

AUD BRYNHILD INNSET

Diakon

Kvifor søkte du jobb i kyrkja?

Eg hadde lyst til å sjå om eg kunne bidra med mi livserfaring og kompetanse inn i kyrkja sitt arbeid i eit lokalmiljø.

Kva likar du best med jobben din?

Å møte enkeltpersonar i ulike livssituasjonar og få vere ein medvandrar eit stykke på vegen. Å framelske naturgåver/nådegåver hos den enkelte og utfordre til frivillig teneste i små og store grupper i kyrkja.

Kva vil du seie til dei som vurderer å søkje?

Ver deg sjølv! Ver innstilt på å vise interesse og lytte til andre.

Tenk over kva du kan bidra med, for å skape arenaer der ein kan dele tankar og tru og oppleve kristent fellesskap.

TOR RUNE HALSET

Nytilsett kyrkjeverje

Som nytilsett kyrkjeverje, kva var det som fekk deg til å søkje på stillinga?

Kyrkjeverjestillinga stod nærmast og venta på meg, eg er overbevist om at dette er ein jobb som gir meining og utfordringar. Det å vere ein samfunnsaktør og synleggjere kyrkja sin verdi og betydning som ein del av vår kulturarv i dagens samfunn trur eg blir viktigare i tida framover, det å få lov å vere ein ambassadør for arbeidet, gir meg tru på at kyrkja si rolle angår heile kyrkjelyden og bygda.

Kva slags ønske har du for arbeidsplassen din i framtida?

Kyrkja som arbeidsplass handlar om medmenneske – korleis vi behandlar og bryr oss om kvarandre. Det samspelet er viktig i alle fasar av livet i sorg og gleder. Den erfaringa og kunnskapen som har fylt min sekk vil eg bruke for å vere med å skape ein triveleg, interessant arbeidsplass for alle.

Korleis vil du bidra til å realisere dette?

Det å realisere dette, trur eg handlar om å sjå kvar enkelt, lytte, leie, inspirere, og bygge eit godt lag. Det er viktig å oppmuntre til å sjå moglegheiter, gi kjærleik og vere ærleg. TTT – er min tommelfingerregel – tala tydeleg tidleg nok!

Elsa Jensvold leser for fireåringane.

Liker du det du har lest så langt, og vil bli ein av oss? Søk da vel!

Årsmelding 2022 for Surnadal kyrkjelege fellesråd

Fotokred. Surnadals-fotonr 2 og 3 i begynnelsen, og kajakk-foto: Lediard Foto AS