Til deg som er på teater i dag
Denne framsyninga er laga til deg som er barn og til deg som er vaksen og ser på saman med barna.
«Hundrevis av barn i vill kamp» er skrive av Eirik Fauske og det er Marie Nikazm Bakken som har regissert framsyninga. Å regissere betyr at ein i lag med skodespelarane (dei du ser på scenen) bestemmer korleis framsyninga skal bli og hva skodespelarane skal gjere. Marie har også fått hjelp av flere designarar (dei som bestemmer korleis veggane, kostyma, lyset og lyden skal vere). Bak på scenen jobbar det teknikarar, dei har på seg mørke klede og dei hjelper til slik at alt blir riktig og går som planlagt.
Denne framsyninga blei først spelt på Turteatern og Riksteatern i Sverige. Når vi no spelar den i Noreg, har vi med oss tre norske skodespelarar som gler seg til å spele for dykk.
«Hundrevis av barn i vill kamp» er ei framsyning for deg som er barn og for deg som er den vaksne for barna. Vi håpar de synest det er spanande og gøy å vere i teateret saman med oss.
Helsing teatersjef Wenche
Mellom fantasi og verkelegheit
av Line Marie Warholm, psykolog og forfattar
I teaterstykket «Hundrevis av barn i vill kamp» blir vi ført inn i ei verd der fantasi, draum og verkelegheit er vevd inn i kvarandre. Vi erfarer hovudpersonen sine kjensler meir enn vi får historia fortalt. På same måte som vi kan bli forvirra av våre eigne kjensler, blir vi virra inn i guten sitt indre drama. Verken han eller vi forstår heilt hva som foregår, likevel opplever vi det heile tida som djupt meiningsfullt.
Når vi snakkar med barn om kjensler i dag, kan det verke som om hensikta alltid er å lære barn korleis dei kan gjere vonde kjensler mindre ubehagelege. Som om det er eit mål å ikkje kjenne frykt, sorg og skuffing. Men desse kjenslene høyrer livet til. Og når vi latar som om kjenslene er noko «feil» ved barna som skal fjernast, blir barna ståande så aleine med det som er vanskelig. Det barna treng å sjå, er at vi alle har det vanskelig iblant og at det ikkje nødvendigvis er feil eller farleg sjølv om det er vondt og skremmande.
Når noko verkar truande, er det ein normal reaksjon å forsøke å få kontroll. Vår tids forsøk på å kontrollere det skremmande, uoversiktlege og komplekse er ofte å forenkle, definere og kategorisere. I staden for å la kjenslene våre leie vegen til ei djupare forståing for livet og mennesket, pakkar vi dei saman i små, isolerte øskjer og set store merkelappar på dei: ANGST, EINSEMD, DEPRESJON, SORG, SØMNVANSKAR. Det er som om vi vil blinde oss sjølve frå å sjå at kjenslene våre heng saman og bærer meining. Vi forflatar det indre livet vårt og deler det opp i reinskårne tilstandar blotta for motsetningar. Som om vi er styrt av enkle, oversiktlege mekanismar – som om hjernen er ei datamaskin. Men du kan aldri forstå deg sjølv berre gjennom faktakunnskap om hjerne og kropp. Vi er alle nødt til å erfare, undre oss og vere usikre. Det uutgrunnelege er til stades i draum og fantasi, enten du er fem, femten eller femti.
I «Hundrevis av barn i vill kamp» ser vi korleis draum, fantasi og verkelegheit kan gli over i kvarandre og verke saman. Når dei vaksne avviser guten og ikkje klarer å romme kjenslene hans, blir ikkje berre verkelegheita, men også fantasiverda hans, skremmande. Men i fantasien kan han leike med det skumle og ubehagelege utan at det eigentleg er farleg. Han kan forstå og bearbeide kjenslene sine, og samtidig halde på ein viss kontroll og distanse.
Når den digre dinosauren i teaterstykket trampar rundt i glitter og rosa strutteskjørt, er det som livet sjølv: Det er både fabelaktig og skremmande, nokre gongar begge deler samtidig. Vegen er kort mellom ekstase og sorg, mellom draum og verkelegheit, mellom angst og fryd. Målet er ikkje å rydde vekk eller fjerne kjensler, men å øve på å vere i dei. Og fantasien er ein strålande stad å vere i når vi øver: Vi kan erfare kjenslene våre og samtidig ha moglegheita til å tre ut av fantasiverda og inn i verkelegheita når fantasiane blir for valdsame. På same måte kan vi leve både lysten og skrekken ut i fantasi og draum når verkelegheita gir oss for trange rom eller smertefulle innsikter.
Vil du gå meir på teater?
Kanskje har vi fleire framsyningar som passar for deg
Narnia – Løven, heksa og klesskapet
Eit gammalt klesskap, ei magisk verd, ei iskald forbanning og eit spektakulært slag – bli med til Narnia!
Ord for blod
Viss det ikkje er trygt heime eller der ute, kor går ein då?
Basert på ei sann historie frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige.
I vårt sted
Riksteatret sender Nationaltheatrets kritikerroste og Hedda-prisvinnende forestilling med Laila Goody, Ågot Sendstad og Ragnhild Tysse på turné!
Vástádus eana - The answer is land
"En forestilling som et stort publikum bør få oppleve" NRK
Vakker dans og gripande joik frå Elle Sofe Company.
Frida
Ei hylling til Frida Kahlos fargerike liv, ei familieframsyning slik du sjeldan opplever teater.
På turné haust – òg som gratis teater for barn på dagtid
Drømmen om en hvit jul
Ver varsam med hva du ønskjer deg til jul! Heidi Ruud Ellingsen, Gard B. Eidsvold, Nader Khademi og Cato Skimten Storengen ringer julen inn med eit riktig fornøyeleg julemareritt.
Kniven i ilden
Forboden kjærleik, sydande ishavsfiske og lækjande hender. Ingeborg Arvolas si bestseljar blir til teater for heile landet!
Skorpionens spill - I skyggen av Roblox
Ei historie om spel, makt og friheit – i ei verd der du må kode din eigen veg.
Passar for de litt større barna.
Læreren
Å vere lærar er som å vere standup-komikar, psykolog, barneoppdragar og foredragshaldar på same tid.
Av og med Fredrik Høyer.
Tilstander av unntak
"Det trengs bare én teaterforestilling om 22. juli. Denne." NRK
På turné vår – og som gratis teater for ungdom på dagtid
Les meir om Riksteatret her, følg oss på Instagram og Facebook.