Kven skal ta ansvaret for ungdoms-kriminaliteten?
Korleis kan vi som samfunn skape ein trygg oppvekst for alle barn og unge - uansett kven dei er, kva dei har og kor dei bur?
For å forstå kompleksiteten i desse problemstillingane og det utanforskapet som mange barn og unge lever i, så har Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret valt å løfte Faysa Idle si historie til scenen.
Boka «Et ord for blod» er ei notidig og dramatisk oppvekstskildring frå Stockholm i dag, som det er umogleg å ikkje bli berørt og aktivert av.
Teateret som arena skal vere ein møteplass for perspektiv, og når det fungerer som best, kan det gi oss innsikt i problemstillingar som samfunnslivet har utfordringar med å kommunisere eller løyse.
Vi håpar at du som er vaksen og ser framsyninga forstår endå litt betre korleis det er å vere ung. Kanskje du får meir innsikt i det krysspresset som familiar, vennar og naboar til nokre av dei mest sårbare ungdommane våre står i.
Til deg som er ung og kanskje kjenner deg igjen i noko av dette, så håpar vi at du finn nokon du kan snakke med, som du kan stole på, og finne ein veg ut - akkurat som Faysa gjorde. Livet er trass alt verdt å leve!
Vennleg helsing
Wenche Viktorsdatter Paulsen, teatersjef Riksteatret
Kjersti Horn, teatersjef Det Norske Teatret
Ikkje synest synd på meg!
Åsa Linderborg møter Faysa Idle
Eg lever med to ulike tystnadskulturar, seier Faysa:
- Somaliarane sin og det andre Sverige sin.
Faysa Idle, fødd 1998, var 25 år då ho slo igjennom med den sensasjonelle oppvekstskildringa Ett ord för blod. Sensasjonell, for her kom ei ung kvinne som fortalde om livet i eit bustadområde som har fått omverda til å sjå på Sverige med heilt nye auge.
Same året, i 2023, døydde 121 personar i ulike skytingar. Talet sprengingar, av portrom og anna, var 149. Gjerningsmenn og offer var for det meste svært unge menn. Mange hadde, som Faysa, somalisk bakgrunn.
- Mor mi har fått mykje kritikk for sjølvstenda mi. «Sjå korleis ho skriv om oss overfor dei kvite», kan somaliarane skrive på ulike nettforum. Dei påstår at eg ikkje lenger er muslim, dei forsøker å ta religionen frå meg.
Med «det andre Sverige» meiner Faysa den politisk korrekte offentlegheita.
- I Noreg får eg andre spørsmål, dei er meir rett på sak om ære og korleis kvinnene i orten lever. I Sverige er dei så feige, om eg slumpar til å seie noko blir det store overskrifter.
«Orten» er forstaden Tensta, ei dryg mil nordom Stockholm. Det er hus på hus som vart bygde i 1960-åra for å løyse ein akutt bustadmangel. Der bur det 18 500 personar, og 89 prosent av dei har utanlandsk bakgrunn. Der skapar nedarva traume og segregasjon ein psykisk vonlaus, fysisk brutal og politisk brennbar cocktail.
Det er dette livet Faysa har framstilt i «Ett ord för blod».
Faysa sitt liv er ei sak, men det er språket hennar som gjer boka til litteratur. Det er kraftfullt og kreativt, med klåre forbindelsar til slampoesi-tradisjonen.
- Familien vart redd første gongen eg stilte meg på ein scene og las dikta mine. Dei skjemdest; eg tok plass og orda mine var farlege.
Kvinner skal ikkje synast, dei har ikkje rett til orda, men det var likevel mora sin kjærleik til poesi som styrte Faysa mot litteraturen. Skulen beskriv ho som «ein vits».
- Vi fekk bestått berre vi møtte opp i timane, vi lærte ingenting.
Dei fekk iallfall bruke den svensken dei kunne slik dei ville, sjølv om språket var avgrensa. Det vart ikkje tvinga gjennom middelklassens poleringmaskin.
- Alle kan måle i bilete med sine eigne språk, alle kan leike med dei orda dei har.
Ordleiken handlar ofte om døden, den som stadig er nærverande, ettersom så mange rundt dei døyr. Barn skyt barn i ulike gjengoppgjer, mens politikarane kappast om å skjerpe straffene.
- Om du ikkje har noko å tape, så spelar det inga rolle. Du er kapabel til kva som helst, seier Faysa.
Bror hennar, Bilal, tilhøyrde den kriminelle gjengen Shottaz, som låg i krig med Dödspatrullen.
Jentene og kvinnene vart råka av ein annan vald: kontrollen over kjønnet og kroppane deira.
- Det er gutane som bestemmer kven som er ei hore, og den jenta som får det stempelet kan aldri gifte seg, livet kan bli øydelagt.
Somaliarane seier at det er dei andre, dei frå Midtausten som held på med ære, ikkje vi.
- Men det stemmer ikkje, alle har grenser for kva ein får gjere. Alle får juling heime av brørne eller foreldra sine, det er heilt normalt, ikkje noko ein snakkar om. Eg godtok det til slutt ikkje.
Faysa gjekk bak ryggen på mor si og kontakta sosialtenesta.
- Dei hjelpte meg med å forstå at eg er medavhengig med bror min.
Å skrive Ett ord för blod var ein frigjeringsprosess som gav Faysa tilgang til «det andre Sverige».
- Først gjekk eg meg vill i suksessen og prisane. Eg vart ein people pleaser. Før var eg ikkje redd for å miste noko eg ikkje hadde tilgang til, men no er eg det, no passar eg på meg sjølv.
Samtidig er ho redd for ikkje lenger å høyre til forstaden. Korleis er det i dei fine romma? spør vennane hennar nyfikent.
- Svaret er, at der blir eg gjort mindre. Eg har ingen pengar og blir berre sett på som ei smart gettojente som har hatt flaks og tilfeldigvis hamna på rett stad, eg må alltid forklare for dei korleis det er i jungelen. Må alltid forsvare alt, trass i at eg fram til no nyleg berre var eit barn. Eg må alltid be om orsaking for den kriminelle bror min, trass i at eg aldri har forsvart det han har gjort, men når alt kjem til alt er han framleis bror min.
Faysa vart ordknapp, stille.
- I dag har eg funne ein balanse gjennom kunsten min. Mi første diktsamling kjem snart.
Kva seier du til det norske teaterpublikummet, som kanskje sit der og synest synd på deg?
- Det er fornedrande! Eg har jo vist at eg er sterk og har klart dette! Vi i forstaden veit allereie at vi er «stakkars», ein kjenner seg som eit velgjerdsprosjekt. Det vil ein jo faktisk ikkje vere.
Omsett av Inger Johanne Sæterbakk.
Møt Nokokure Dahl
Av Åsne Dahl Torp
Nokokure er ganske fersk i rolla som skodespelar, men har alt vore å sjå i TV-ruta i til dømes Pørni, Føkkings Fladseth og Blodsbrødre. I haust gler ho seg til å reise Noreg rundt i ein buss og gi eit innanfrå-perspektiv frå dei svenske gjengkrigane, medan ho snakkar nynorsk med Oslo-sosiolekt!
- Ord for blod er den verkelege historia om Faysa Idle, veslesøstera til ein av dei øvste i gjenghierarkiet i Sverige. Ho skreiv ei bok om det som vi no skal gjere teater av, og eg har rolla som Faysa. Det har fått meg til å tenkje mykje på kva mot det har kravd av henne å fortelje historia si. Ho er ei kvinne som verkeleg tek sin plass i ein av dei mest maskuline kulturane. Ekstremt modig, og det er inspirerande.
Det handlar om korleis det påverkar dei pårørande å vere i familie med ein tung kriminell. Om korleis det er å vekse opp med ein fråverande far, ei mor som jobbar doble skift og barn som må klare seg mykje sjølve. Det handlar om fattigdom, utanforskap og om å vere glad i nokon som gjer forferdelege ting. Denne forteljinga gir så mykje kunnskap om eit miljø dei fleste anar lite om frå innsida. Ho opnar auga dine. Eg håpar unge som er på skråplanet får sett framsyninga, men også dei som ser miljøet frå utsida og ikkje skjønar nokon ting.
Kva var din aller første replikk på ein scene, og korleis gjekk det?
- Hehe, det var: «Her kryr det av herlige typer!» I 6. klasse ved Uranienborg skole kom skodespelar Øystein Wiik og sette opp Sofies Verden med oss. Eg var ei litt gutegalen tenåringsjente og var med i eit dansenummer.
Kva er det raraste du har gjort i research til ei rolle?
- Eg har for eksempel stoppa folk på gata dersom eg høyrer at dei snakkar ei dialekt som eg må kunne til ei rolle. På den måten har eg fått hjelp til å lære meg sosiolekt frå Oslo aust. Det har eg nytte av no. I Ord for blod blandar vi nynorsk og Oslo-sosiolekt, og det kan høyrast ut som dette: «Wallah, kva faen!»
Fullfør setninga: “Eg visste eg ville bli skodespelar da eg…”
… var sånn åtte-ni år og stod i dusjen og sa fram monologar frå Disney Channel for meg sjølv. Eg var lenge på badet da eg var lita…
Kva er det beste ved å vere skodespelar?
- Alle menneska ein møter. Det er utruleg privilegert å få jobbe med så mange forskjellige folk. For kvar rolle får du utforske ei verd du ikkje har vore ein del av før. Ein får veldig mange perspektiv.
Om du skulle hatt eit anna yrke – kva skulle det ha vore?
Interiørdesignar! Eg kosar meg veldig når eg innreier heime, og kan nytte mange timar på å finne skattar.
Har du ei kulturanbefaling?
- Les Et ord for blod! Alle bør lese den boka, ho greip meg veldig. Forfattaren Faysa Idle er med på å skape eit nytt tilvære for dei som kjem etterpå.
Og sjå Prima Facie, som har vore på turné med Riksteatret, på Nationaltheatret. Eg er heilt sjokkert, det er noko av det beste eg har sett. Maria Hildonen har så vakre auge, og dei fortel så mykje. Eg kunne sjå for meg alle menneska ho snakka om, sjølv om dei ikkje var der. Det er også ei historie eg er veldig glad blir fortald. Seksuelle overgrep er eit vanskeleg og viktig tema.
Til slutt vil eg anbefale favoritt-låta mi. Det er songen eg kan høyre på repeat flest gonger: «Sara» med Balla Et Ses Balladins. Eg forstår ikkje teksten, men er uansett mest oppteken av melodi og rytme. Denne songen er så vakker.