Då Voss i 2025 slutta seg til Bergen og Omland Friluftsråd, var det med eit klart ønskje om å utvikla heradets eigne friluftsområde. Men ein del av motivasjonen trakk opp eit vidare og meir filosofisk perspektiv. – BOF er ein stor og viktig organisasjon, ein fellesskap som bidreg til mykje samfunnsnytte på tvers av kommunegrenser. Denne fellesskapen hadde vi lyst til å vera ein del av, fortel Nils Helge Fostervoll Kvamme. Han er rådgjevar for kultur og fritid i Voss herad, med ansvar for idrett og friluftsliv.
Essensen av Voss
Det er ein bitande kald dag på Voss. Veker med frost har gjeve Vangsvatnet høve til å frysa i hop frå Bulken til Vangen. Ute frå isen kjem det frydefulle jubelrop frå ungar på skeiser. Det går godt an å seia at dette biletet av aktivitet og livsglede omfamnar sjølve essensen av Voss. Kommunen er på sett og vis eit einaste stort friluftsområde. Kor du snur deg, er det fjell, vatn, løyper og stiar. Tilrettelagde friluftsområde, med skiheisar, hoppbakkar og trekk, men i hovudsak natur, slik han ein gong vart servert. Rå, kald og ganske skummel. Friluftslivet, og friluftslivets avleggjarar, er blitt ein del av Voss si kulturelle sjel, med ekstremsport, festivalar, konkurransar og prestasjonar som har sprengt både nasjonale og internasjonale standardar. Kvalfoss, Bystøl, Traa, Fenne, Røthe, Lødemel og Thorsen er namn som på ein måte spring direkte ut av denne nærleiken, og kjærleiken, til naturen og alt han har å by på.
Begeistring gir dugleik
Målet med ei styrka satsing på friluftslivet er slett ikkje å leggja nye namn til ei lang liste med lokale idrettsheltar. Samstundes veit vi det er ein samanheng mellom begeistring for aktivitet og dugleik i idrett. Nils Helge Fostervoll Kvamme ser at heradet frå naturen si side har fått mykje gratis, og medlemskap i BOF var ikkje avgjerande for vossingane sin tilgang til friluft. Det var likevel aldri nokon tvil då heradsstyret i 2023 tok spørsmålet om medlemskap opp til votering. 43 av 43 heradsstyrerepresentantar røysta ja til medlemskap.
Etter eitt års medlemskap har ingenting blitt snudd opp ned på. Ingen store prosjekt er blitt igangsett, men Voss har fått kartlagt noko av det som er råd å få ut av dette samarbeidet. Ein god del midlar som kommunen har fått tilgang til gjennom BOF, er blitt formidla vidare ut til lokale lag og organisasjonar i samband med Friluftslivets år. – Vi har hatt arrangement meir eller mindre kvar einaste månad i 2025. “Heile Noreg bålar”, familiedag i Prestegardsmoen, ryddedag og anna. I påska hadde vi 600 deltakarar som var med og plukka boss. Vi er heldige og har dyktige tilskiparar i kommunen. Dette var koordinert med Friviligsentralen, Bymisjonen, Raude Krossen, Utferdslaget og BIR, fortel Kvamme.
Viktig BOF-kompetanse
Han er tydeleg på at heradet sjølv kjem til å måtta stå for mykje av innsatsen når friluftsområde skal vedlikehaldast og utviklast. Friluftrådet sine folk kan ikkje på dagleg basis reisa til Voss og drifta dei lokale friluftsområda. Men Bof sin kompetanse når det kjem til å søkja på midlar, planlegging og utvikling blir vurdert som svært viktig. – Vi ønskjer å utvikla dei friområda vi har. Til dømes har vi eit mål om statleg sikring av området på Prestegardsmoen mot Vangsvatnet. Dette er prosessar og prosedyrer som Bof har lang røynsle med, seier Kvamme.
Voss herad har om lag 16.500 innbyggjarar. I Granvin ligg det einaste statleg sikra friluftsområdet i heradet. Spreidd rundt om er det stiar, gangvegar, sitjeplassar, utsynspunkt og anna. Kvamme vedgår at vedlikehaldet kan vera varierande. – I kulturplanen legg vi ikkje opp til å laga nye stiar, men heller syta for vedlikehald av dei vi har. Men på mannskapssida er det utfordringar. Drifta har til no lege under park, idrett og kyrkjegardsdrift, og noko er sett ut til organisasjonar og einskildpersonar, men vi er i gang med å sjå på andre løysingar no. Akkurat denne delen av drifta vår er nok i ei slags mellomfase for tida, seier Kvamme.
Mange frivillige
Heldigvis har Voss herad mange frivillige organisasjonar som alltid stiller opp og er positive til å halda merkevaren Voss høgt. Voss Utferdslag, Granvin Turlag og elveklubben er mellom dei heradet alltid kan lita på. – Ja vi har veldig mange flinke som er med og tek ansvar. Det daglege driftsansvaret må vi sjølve ta, så får vi kalla inn BOF i samband med større prosjekt, seier Nils Helge Fostervoll Kvamme.