Loading

Kjære Publikum!

Fyrste gong eg las Tollak til Ingeborg av Tore Renberg var eg ikkje i tvil: Denne boka burde bli teater. Alle eg har snakka med som har lese romanen seier det same. «Eg kjenner ein som han. Eg kjenner ein som Tollak.» Og det synest eg er uhyre interessant, for Renberg har skapt ei særs kompleks historie. Det er ei historie om å falle av si eiga samtid og ønskje at utviklinga kunne stoppe opp, om kjærleik og hjelpeløyse og om kvifor det er så vanskeleg å snakke om det som er sårt og skammeleg. «For meg gjer snakking vondt», seier Tollak. «Nei», seier Ingeborg. «Det er tanken på å snakke som gjer deg vondt.»

Tore Renberg er både romanforfattar og dramatikar, og han skildrar hovudpersonen sin sånn at vi alle får sympati og medkjensle med mannen som samfunnet har sprunge ifrå, han som ikkje veit korleis han skal betale ei rekning i nettbanken, og som kastar barnebarna sine mobilar i vatnglaset når dei er på restaurant. Tollak listar opp verdiar som har gått tapt i den nye tida vi lever i, og som vi godt kan vere einige i. Og så, når sympatien og medkjensla er vekt, skjønar vi at Tollak har gjort noko utilgiveleg. For dette er òg ei historie om grov vald, overgrep, drap, alkoholisme og øydelagde familierelasjonar. Vi blir ståande i eit emosjonelt spenn, der vi plutseleg forstår at mannen vi tenkjer at vi kjenner og føler medkjensle for er ein mann som har drepe kona si, og slik blir vi tvinga inn i ei utforsking av oss sjølve i møtet med desse komplekse problemstillingane.

Eg vil takke eit modig kunstnarleg lag med regissør Miriam Prestøy Lie i spissen for å ha skapt denne velkomponerte framsyninga, som no skal ut i heile Noreg. Eg vil takke Tore Renberg for historia og for tilliten! Til slutt vil eg takke Arne Nøst og Riksteateret for særs godt samarbeid. Eg er utruleg glad for at dei ville vere med oss og skape nett denne framsyninga.

Med ønskje om ein skilsetjande kveld i teateret!

Helsing

Cecilie Grydeland Lundsholt, Teatersjef, Teater Vestland

Sjeldan klarer ei bok å bevege meg på såpass ulike plan som Tollak til Ingeborg av Tore Renberg.

Forteljinga har ein mørk grunntone, eit sakte, intenst driv, og vi opplever originale bilde og poetiske portrett av menneske i pressa situasjoner. Boka skildrar Tollak si einsemd og sinnet hans med eit kortfatta og rikt nøkternt språk.

No har Tore Renberg gjennom si eiga dramatisering av boka løfta teksten inn i eit nytt rom. I teatret kan heilt uventa motiv og handlingar oppstå, forbi den opphavlege bokteksten, fordi teaterframsyninga er ein annan stad, eit alternativt rom, ofte ulikt dei assosiasjonane ein får når ein les boka.

I teatret møtest mange scenekunstnarar som tar dramatiseringa til nye fysiske og mentale åstader. Med regi, scenografi, lysdesign, koreografi, musikk og skodespelarar kan vi skape ei levende her og no-oppleving for publikum.

Difor gler det meg at Teater Vestland og Riksteatret gjer og torer dette, at vi diktar videre med utgangspunkt i Renberg si bok, inn i scenerommet, i håp om å nå mange sin indre puls.

Velkommen i teateret!

Helsing

Arne Nøst Teatersjef, Riksteatret

Ord frå Tore

I alle dagar, seier både Tollak og eg. Han skeptisk, eg rørd. For ein gjeng som står bak Teater Vestland og Riksteatret sin versjon av Tollak til Ingeborg, mi andre nynorskbok!

Først var tanken på å skrive nynorsk sjokkerande. Så begynte eg å skrive, og eg opplevde at eg fekk nærleik til stoffet og til meg sjølv. Ei ny dør opna seg. Eg fekk eit ekstra språk å jobbe i, og litteraturen blei rikare og større.

Ein dag skreiv eg nokre setningar om ein mann som var rasande, på nynorsk. Skrivinga valde skriftspråk i lag med meg, og nettopp det at eg skreiv på nynorsk har gitt oss den Tollak som vi har fått.

Eg fann meg sjølv i ein tilstand der eg til dels sat og heia på ein mann som har gjort heilt forskrekkelege ting, og som meiner ting eg ikkje meiner eller kan stå for. Tollak tok meg med til nokre område av menneskelivet som han klarer å argumentere for, og eg sat og skreiv med ei blanding av glede og store auge.

Eg vil at folk skal sitje igjen rysta, med ei blanding av gjenkjenning, provokasjon og sterke bevegelsar i livet.

Litteratur er litteratur, og teater er teater. No lever Tollak vidare i sceneversjon, og eg er både spent og audmjuk, men aller mest gler eg meg. Dette er jo ei ære for ein liten kar frå Madla utanfor Stavanger.

Tusen takk og lukke til på ferda.

Vennleg helsing

Tore Renberg, Forfattar og dramatikar

"Eg høyrer fortida til. Den tida vi lever i no, ho er ikkje mi. Det var ikkje her eg blei fødd. Det var ikkje her eg blei skapt. Det var ikkje dette eg lærte."

Miriam om stykket

«Omgjevnadene mine eit heilt liv. Snart ikkje synlege som anna enn skuggar», seier Tollak i opningsscena. Tida hans nærmar seg slutten, denne novemberkvelden, og no skal alt ut. Etter eit liv utan å snakke skal orda han har hatt inni seg, velte ut som ein svart malstraum og rive med seg alt. Eit pirrande og uimotståeleg utgangspunkt for ei heftig sceneforteljing.

I romanen er det Tollak sitt perspektiv ein høyrer, og alle karakterane vert skildra av han. I sceneversjonen har eg og det kunstarlege laget forsøkt å utfordre Tollak si forteljing med rom, lyd, kroppar og lys. Komponist Selma Stang har brukt Tollak si dotter Hillevi som utgangspunkt når ho har skrive musikken, der anarkisten Tollak tidvis vert omkransa av eit punkinspirerte lydbilde.

Scenograf Milja Salovaara har gitt Tollak ein manesje fylt med sagmugg; alt som er igjen av livsverket, siste rest av Tollak sitt territorium. Dei skarpe lystablåa til Martin Myvold bidreg til å destillere forteljinga.

Eg håper du som ser på i kveld vil gjere som vi; gå inn i forteljinga og sjå om du kan prøve forstå denne stabukken oppi Dalen og kvifor det gjekk som det gjekk, samstundes som du beheld eit kritisk perspektiv til heile fyren. Mellom forståing og kritisk tenking finn du ikkje berre ei djup familietragedie og ei rystande menneskeleg skildring, men òg historia om ei dramatisk kulturell omveltning som vedkjem oss alle, både i by og bygd.

Helsing

Miriam Prestøy Lie, Regissør

Ein kaffikopp som aldri blir vaska

Fleire gravemaskingrabbar møter publikum i Tollak til Ingeborg, haustens iscenesetjing av Tore Renberg sin roman.

Scenografien og kostyma er skapte av Milja Salovaara.

— Eg har tenkt biletleg, seier ho.

— Scenerommet er som kaffikoppen på verkstaden, den som aldri blir vaska. Den blir stadig etterfylt med kaffi, og dei svarte rendene blir tjukkare og tjukkare.

I denne store kaffikoppen symboliserer grabbane livet til Tollak som blei amputert då eit konkurrerande sagbruk nedi bygda tok ifrå han levebrødet. Tida har stoppa opp, og grabbane står der og rustar. Dei har funksjon som to gedigne lampeføter med lyskastarar som belyser Tollaks liv.

Det er ikkje snakk om gjenbruk, for å seie det slik.

— Skulle vi ha brukt ekte grabbar, hadde dekken blitt så tung at vi aldri hadde kome oss på turné. Grabbane er bygde på Riksteaterets verkstad og er laga av kryssfinér og deretter patinert, seier ho.

Nynorsk til heile landet!

Tollak til Ingeborg er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteatret. Urpremieren er i Teater Vestland sitt nye teaterhus Nynorskhuset i Førde, før dei to teatera i eit felles krafttak tar framsyninga på turné til 65 spelestader i heile landet.