Klårver, høg himmel og supermåne. Ja, naturen sjølv sytte for å stilla opp og spela på lag då Friluftslivets år vart offisielt runda av på Herdla i byrjinga av desember. På toppen av naturens eige storsinn etter dagar med plaskregn, kom dei fantastiske kulturelle innslaga, med nydelege saksofontonar, fakkeltog, fine talar, allsang, matservering og bål. Stemninga i “Krateret” på Herdla nådde sakrale høgder, og meir enn ein tok ordet “magisk” i sin munn. – Eg måtte fella ei tåre, fortel Lisbet Dyrkolbotn, som har vore prosjektansvarleg for Friluftslivets år i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF).
– Stor stas
Sjølve den nasjonale avsluttinga av året var eit samarbeid mellom Askøy kommune og alle friluftsorganisasjonane samla under paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv. Stig Ryland, rådgjevar for kultur, idrett og næring i Askøy kommune var den lokale koordinatoren. – Det var utruleg kjekt at vi fekk høve til å ha avsluttingsmarkeringa her. Det var stor stas at Norsk Friluftsliv ville runda av det nasjonale friluftsåret på Askøy, saman med alle aktørane som har bidrege så mykje til friluftsglede på øya. Friluftsfesten blei akkurat så magisk som vi drøymde om, seier Ryland. Godt over hundre personar i alle aldrar møtte fram til arrangementet på Herdla. Det byrja med ein inspirasjonskonferanse inne på Herdla museum, der det vart framført musikk og bydd på føredrag, innimellom kakeservering og mingling. Publikum fekk mellom anna møte Safari Shabani frå Zambia, som fortalte om sitt møte med norsk natur og korleis det har påverka livet hans, til det betre, sjølvsagt.
Eksotisk
Jazzmusikaren Håkon Skog Erlandsen har spelt saksofon på dei høgaste fjella på alle kontinent, Mount Everest inkludert. Både han og Shabani har vore ambassadørar for Friluftslivets år. Saksofonen til Erlandsen lydde godt inne på museet, men kom endå betre til sin rett etter at fakkeltoget hadde teke følgjet ut under stjernehimmelen, gjennom tunnelen og inn i det klangfulle “Krateret”. Sjølv for ein blasert musikar med røynsle frå mange slags scener, var det ei eksotisk oppleving. Erlandsen delte også opplevingar frå sitt ikkje alltid like ukompliserte liv, så det var ikkje berre dei vare tonane som rørte dei frammøtte. – Eg måtte grina fleire gonger, seier Stig Ryland.
– Friluftslivet verkar samlande
Både han og Lisbet Dyrkolbotn er djupt takksame for at dei fekk vera med på det som framstår som eit høgdepunkt i friluftsåret 2025. – Det var ei vakker stund. Ei oppleving av korleis friluftslivet gjer oss godt og verkar samlande sjølv om vi ikkje kjenner kvarandre så godt frå før, seier Lisbet. Ved nyttår var hennar halvtanna år lange engasjement i BOF over. Ho har sagt farvel til ein organisasjon som ho har trivdest svært godt i, og som kjem til å sakna henne. – Lisbet var snar til å knyta kontakt med personar ute i medlemskommunane. Ho tok ansvar og etablerte relasjonar for å skapa engasjement og aktivitet. For vår del var nøkkelen til å få til alt det vi faktisk har fått til, å tilsetja henne, seier Frithjof Fosse, nestleiar i BOF. – Heilt fantastisk, seier Lisbet Dyrkolbotn om tida si i BOF. – Eg vart godt motteken av flinke folk med engasjement for jobben sin, og eg har fått jobba med det eg brenn for: Friluftslivet. Eg håpar mine erfaringar herifrå kan bidra til at andre kjekke moglegheiter dukkar opp seinare i livet.